SLUTTRAPPORT
Forprosjekt Baccalá di Møre og Romsdal Oktober 2008 - Oktober 2009
Produsentar: Olga Godø AS Odd Skarsbø AS Sigurd Folland AS Rafael Dybvik ANS
Forord: Det har vore spennande å jobbe med dette prosjektet og oppleve engasjement og interesse for norsk tradisjonsmat. Det har vore mykje ide-myldring undervegs, deltaking på nasjonale og internasjonale arrangement, oppretting av internetside, nye kontakter med enkeltkundar, interesse frå større aktørar, alt i alt ein god prossess på vegen for å fremje god, eksklusiv og tradisjonsrik norsk fisk. Birgitte Magelssen Godø, prosjekt-koordinator.
1. Innleiing
I oktober 2008 innleia dei fire produsentane Olga Godø AS, Odd Skarsbø AS, Sigurd Folland AS, Rafael Dybvik ANS eit samarbeid for å utforske potensialet i det tradisjonsbaserte produktet klippfisk frå Møre og Romsdal. Dei søkte medlemskap i Slow Food, ein verdsomspennande mat-organisasjon, som arbeider for å fremje god, rein og rettferdig mat. Dette medlemskapet gav bedriftene mulighet til å søkje om status som presidium i Slow Food. Eit presidium er eit verna produkt som blir produsert etter godkjend Slow Food-protokoll. Søknaden vart innvilga, og klippfisk frå Møre og Romsdal var eit offisielt presidium i Slow Food, og fekk navnet Baccalá di Møre og Romsdal.
I prosjektbeskrivinga står det: ”Samarbeidet har en målsetning om å utvikle og produsere Presidium produkter, utvikle emballasje og materiell til markedsføring, og øke markedskunnskapen og markedsadgangen. Bedriftene vil som gruppe (klyngestrategi) vurdere grunnlaget for et mer forpliktende samarbeid på salg, distribusjon og markedssiden”.
I denne rapporten skal eg gjere greie for resultatet ved avslutta forprosjekt-periode.
2. Beskriving av prosjektmål
2.1. Målet med prosjektet var å inngå et forpliktande samarbeid om utvikling og produksjon av Presidium produkt og samarbeide om markedsadgang i utvalgte marked. Tidlegare hadde bedriftene kjennskap til kvarandre, sidan dei er produsentar av samme produkt og medlemmar i Norsk Tradisjonsfisk. Bedriftene har ulik omsetning og tilbyr varene til forskjellige marked. Gjennom eit samarbeid ville dei styrke sjansane for å utrette noko i ei ny satsing. Utfordringa var å få til eit samarbeid som fungerte til tross for den geografiske avstanden og i tillegg til den daglige drifta av den enkelte bedrifta.
2.2 For å nå målet i prosjektet hadde vi desse delmåla:
• Avklare bedriftenes ønsker og engasjement, ang. produkter, design, emballasje og markedsadgang
• Avklare rammevilkåra som styremaktene gir. (Jf. EU`s hygienepakke, Mattilsynet)
• Kartlegge og frembringe bedriftenes forretningsideer og strategier
• Etablere samarbeid mellom produksjonsbedriftene, distribusjonskanaler og markedsaktører.
• Møte markedsaktører ved å deltakelse på nasjonale og internasjonale Slow Food arrangementer og messer.
3. Resultat
3.1. Bedriftene sine ønsker og engasjement ang. produkt, design, emballasje og markedsadgang. Det var utfordrande for bedriftene å engasjere seg i prosjektet. (i tillegg til den daglige drifta.) I januar 2009 starta Birgitte Magelssen Godø å arbeide hos Olga Godø AS, og fekk oppgava med å koordinere kontakt mellom bedriftene, og føre prosjektet vidare. Det vart snakka om felles design og emballasje for presidium-produktet. På den måten ville det vere mulig for kvar bedrift å produsere produktet, og det ville blir gjenkjent av kundane som same produkt uavhengig av kva bedrift det kom frå. Eksempel på dette er mellom anna Gilde. Rafael Dybvik ANS har pakkelinje, og det vart semje om at han skulle pakke presidium-produkta i gitte volumporsjonar med blank rull, og klistre på etikettar som tilhørte presidium-gruppa. Prosessen resulterte i produktpakkar med gitte storleikar i nøytral papp-embalasje, og at alle bedriftene hadde lik presidium-etikett med sitt bedrift-navn på. Det første steget på vegen var å utforme design til ein felles etikett for presidium-gruppa. O. Skarsbø har delteke i ei arbeidsgruppe som har utarbeida forslag til design og emballasje for klippfisk. Ressursane i prosjektet var ikkje tiltenkt at dette skulle gjerast ferdig i løpet av forprosjekt-perioden. Ved ei vidareføring av prosjektet, vil resultata frå prosessen brukast til valet av endeleg utforming, tilpassing av produkt, design og emballasje.
Det vart diskutert kva for marked vi skulle satse på for presidium-produktet. I Norge var dei mest aktuelle kundane innan restaurantbransjen og butikkbransjen. I utlandet ønska vi å satse på marknaden t i Italia. Vi var i kontakt med eksportutvalget for fisk (EFF) i Italia, gjennom Birgit Åsønæs Zanella. Ho var positiv til idéen, men hadde ikkje anledning til å bistå med hjelp pga at EFF sitt arbeidsfelt ikkje dekker hjelp til enkelt-aktørar. Vi kom i kontakt med Elisabeth Meyer på Innovasjon Norge sitt kontor i Italia. Ho var positiv til å undersøke mulighetane for oss. Då det nærma seg slutten på forprosjekt-perioden innsåg vi at tida ikkje strakk til for å satse på ei undersøking av den italienske marknaden. På tampen har spørsmålet om merking av enkeltfisk komt opp. Marknadsundersøkingar tyder på at nettopp denne type nisjevare profiterer på ”tagging” av enkeltfisk. Dei av medlemmane som frå før er aktive på Italia kan då ta precidiumklippfisk inn i si portefølje, og forlange f eks fem til ti kr meir pr kilo for denne.
Jens Østli, frå Nofima Marknad, anbefalte oss å byte ut namnet baccala di møre og romsdal med t d ”BACCAL TRADITIONALE NORUEGO”. Dersom vi registrerer eit samvirkeforetak med dette namnet, er retten til namnet også sikra juridisk.
3.2. Avklare rammevilkår.
Den nye hygienepakken som gjeld i EU, skal også vere gjeldande i Norge i næraste framtid. I dette lovverket er det større fokus på tilpassa produksjonsmetodar, og større spelerom for tradisjonsbaserte produksjonsprosessar. Sidan vi no var eit internasjonalt kjent tradisjonsprodukt gjennom Slow Food, såg vi det som vår oppgåve å sette søkjelyset på tradisjonsbaserte fiskeprodukt. I eit møte i februar 09 med FHL ved Gunn Harriet Knutsen, NOFIMA ved Therese Hagtvedt og Norsk Tradisjonsfisk ved Asbjørn Stavland, diskuterte vi denne utfordringa og kom fram til at det neste steget måtte vere eit møte med mattilsynet sentralt. I mai 09 fekk vi arrangert eit møte med mattilsynet sentralt på kontoret i Bergen. Vi ønska svar på kva for konkrete spelerom det nye regelverket ville gi for vårt produkt. Det var vanskelig å få konkrete svar sidan lovverket ikkje var gjeldande i Noreg enda. Vi fekk vite at Mattilsynet skulle arbeide meir med småskalaproduksjon av fisk i 2010. Vi spelte inn våre synspunkt i dette møtet.(Vedlegg frå innlegg i møtet / rapport dersom det er relevant ?)
3.3 Kartlegge bedriftene sine forretningsidear og strategiar.
Kvar bedrift har arbeidd med sine strategiar knytt opp til denne satsinga. I tillegg har fleire bedrifter vurdert som forretningsidé å vidareutvikla idéen om visningssenter. Ståle Godø og Helge Rogne frå Bedriftsrådgiveren var på synfaring hos bedriftene. På denne måten fekk kvar bedrift vurdere sitt annlegg ut frå moglegheiter for å satse på visningssenter. Rapport frå denne synfaringa ligg ved i rapport frå Helge Rogne. Kystbasert reiseliv er ein strategi som er aktuell, også politisk.
Ståle Godø reiste til Canada og New Foundland i august 2009. Her besøkte han fleire economuseum og såg på korleis ei slik satsing var gjennomført. (Sjå vedlegget med Ståle si reiseskildring frå denne turen.)
3.4. Samarbeid mellom produksjonsbedriftene, distribusjonskanaler og markedsaktører.
Det blei arrangert møte med medvirkning frå fagmiljø som har kompetanse på markedskunnskap. Jens Østli frå Nofima Marked delte sine tankar og idear for presidium Baccala di Møre og Romsdal. Vi har utvikla ei internet-side for presidium Baccala di Møre og Romsdal på domenet www.slowfish.no. Denne sida opplyser om bedriftene og samarbeidet med presidiumet. Det har vore diskutert muligheten for netthandel gjennom heimesida, og det er svært aktuelt i framtida. Netthandel avhenger sjølvsagt av at presidiumet utviklar ein standard for produktet med tanke på emballasje og design. Ideane er klare, men rammene i prosjektet gav ikkje rom for dette. I løpet av prosjektperioden var presidiumet Baccalá di Møre og Romsdal representert som førstegangsdeltakar på to ulike messer arrangert av Slow Food. På den måten ønska dei å få kontakt med internasjonale kundar i matindustrien og aktuelle markedsaktørar.Den første messa var Terra Madre i Torino i oktober 2008. Den andre messa var Slow Fish i Genova i april 2009. Produktet var enormt populært blant dei besøkande på messene, og medlemane av presidiet lærte mykje gjennom denne deltakinga. På desse arrangementa fekk vi anledning til opprette kontakter ved å møte importørar og interesserte kundar av vårt produkt. Dette var særleg nyttig for vidare arbeid i henhold til tanken om framtidig salg av presidiumet.
Gjennom deltakinga på messene fekk medlemane også eit innblikk i korleis organisasjonen Slow Food arbeider. Det var workshop og seminar som omhandla internasjonale aktuelle tema som f.eks forvalting, handel, reglar og lover. På messa i Genova hadde vi nok kapasitet til å delta på nokre seminar, og oppdaga at det er viktig å vere deltakande i debatten på slike seminar. Først og fremst for å fremje Norge sine interesser og opplyse det internasjonale forumet med korrekt informasjon frå norsk fiskerinæring. (Les rapporten til Ian Kinsey som ligg ved.)
I juli 2009 var Ståle Godø og nokre representantar frå bedrifta med på matfestivalen i Ålesund. Dette styrka igjen trua på eit kystbasert reiseliv, og turisme som eit mulig nytt satsingsområde.
4. Rekneskapsoppsett Budsjett 2008-09 Faktisk 2008-09
Merknader Kostnader Strategier, produktutvikling 100.000 Gjennomført Messedeltaking 100.000 Gjennomført Design, emballasje, markedsføringsmateriell 200.000 Gjennomført ved O. Skarsbø deltaking i arbeidsgruppe Markedsarbeid 100.000 Gjennomført Koordinering 100.000 Gjennomført Sum 600.000 Finansiering Forskottering Forskottert av Olga Godø Innovasjon Norge 300.000 Egenkapital/Egeninnsats 300.000 300.000 Eigeninnsats 150timar * 4 = 600 timar * 500 kr = 300.000 kr.) Sum 600.000
5. Tilråding for vidare satsing:
1: Etablering av eit selskap (Samvirkeselskap - alle)
2: Marknadskontakt, marknadsarbeid, allianse og avtalar med eksportfirma (? Sigurd Folland, O. Skarsbø)
3: Visningssenter (Olga Godø, O. Skarsbø, Sigurd Folland)
4: Ferdigstilling av tilpassa produkt, etablering av varemerke, design og emballasje (O. Skarsbø, Rafael Dypvik)
5: Implementering av Presidia - pakking (Rafael Dypvik)
6. Avslutning.
Samarbeidet om presidiumet har vore interessant og nyttig. Det som tidlegare var draumar har no blitt konkrete idear som er gjennomførbare, og mulig å realisere. Med innspel frå fagmiljø på ulike områder har vi fått eit betre syn på korleis vi kan utnytte potensialet i vårt produkt. Enkelte av måla i prosjektbeskrivinga har vi nådd, og nokre mål fekk vi ikkje tid til å gjennmføre. Vi er godt nøgde med resultata vi har fått av dette prosjektet. No vil vi stake ut ein kurs for vegen vidare, basert på det vi ser som nyttig å arbeide vidare med.
Vedlegg: 1: Rekneskap 2 Bedriftsrådgiveren 3 Ian Kinsey