Den 17.-20. april reiste representantar frå presidium Baccala from Møre og Romsdal til Genova i nord-Italia for å delta på Slow Fish messe. Slow Fish er eit arrangement i regi av Slow Food, og messa fokuserer på fisk og sjømat. Bedriftene Olga Godø AS og Sigurd Folland AS var representert med presidium klippfisk. Det var imponerande å merke den store interessa for norsk klippfisk, og fisken dei hadde med forsvann som vind i tørt gras. Etter tre dagar var dei utsolgt. Over 55000 besøkande kom til messa i løpet av dei fire dagane, og det yrande folkelivet var ei oppleving i seg sjølv!
På messa vart det også heldt seminar som omhandla utfordringar og informasjon om den aktuelle situasjonen i fiskenæringa. Seminara åpna for dialog om dei aktuelle tema. Representantar frå presidium Baccala from Møre og Romsdal var til stade på nokre seminar. Dei opplevde at det er viktig å delta i slike forum for å fremje norske interesser og faktakunnskap. Dette vil vere eit viktig mål for presidium Baccala from Møre og Romsdal si vidare satsing.